Lund er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunen ligg heilt søraust i Dalane og har grense til Agder. Lund omfattar vestbreidda av det store Lundevatnet og dal- og heieområda nord og vest for dette, mellom anna Drangsdalen og dalføret til Storåna, likeins øvre del av Sokndalsvassdraget og Teksåna i Hellelandsvassdraget i nordvest (Heskestad sokn). Kommunen grensar i nordaust til Sirdal og i aust til Flekkefjord, begge i Agder, i sørvest til Sokndal og i vest og nord til Eigersund.
Lund kommune blei oppretta i 1838 som ein følge av formannskapslovane som blei vedtekne året før. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1965 då ein del av den tidlegare Heskestad kommune, det noverande Heskestad sokn, blei innlemma. Dette skjedde som ein følje av Schei-komiteens innstilling.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.